amylin skrev:
Jeg er med i ganske mange lukkede og hemmelige grupper, men de har med sportene jeg driver med og forskjellige vennegrupper, så jeg regner med at det ikke er det de snakker om i artikkelen bak betalingsmuren.
Samme her. (Eg har lese, det er ikkje den typen grupper). Dei fleste hemmelige gruppene eg er med i har maks 15 medlemmer og er meir vennegjenger enn politiske diskusjonsgrupper.
Men det er jo interessant at saker som Giske-saken har begynt med fleire med felles erfaringer som går saman om å varsle. Det bekrefter jo kor viktig det eg med eit opplevd fellesskap for dei som er utsatt for ulike former for maktmisbruk. Eg har tenkt at #metoo har redusert skam rundt seksuell trakassering, at når ein står fram står mange fram. Men her kjem det fram at det er fleire som står fram i mindre fellesskap før dei går heilt ut.
Eg er òg med i ei «hemmelig» gruppe med 500 medlemmer. Det er ei gruppe som er driven av ein organisasjon som jobber med religiøse bruddprosesser, så det blir fått ganske mange som er veldig personlige der. Eg kjenner at eg har høgare terskel for å skrive til 500 «hemmelige» sjelefrender under fullt namn enn for eksempel å skrive i M2. Og eg tenker at medlemstallet betyr mykje for fortroligheten i gruppa.