Kopi frå blogg:
23 - Bergensis går til sengs
2330 - Bergensis sovnar
24 - Bergensismann legger seg og vekker såleis Bergensis
01 - Oppe og legger på dyna til våken Pode
0300/0200 - Bergensismann må opp og jobbe. Vekkeklokka vekker sjølvsagt Bergensis
0400 (ny tid) - Bergensismann legger seg og vekker såleis Bergensis igjen
0430 - Bergensis har intens hodepine og må stå opp for å ta Ibux
0500 - Poden gaular: kan eg stå oooopp?
0505 - Bergensis gaular NEI tilbake
0545 - Poden kjem inn med dyne, pute og kosebamse.
0550 står me altså opp for at stakkars mannen, som måtte jobbe halvanna time i natt, skal få sove.
0630 står storesøster opp og proklamerer med grenselaus dramatikk; eg er kvalm
Bergensis:


0633 - Bergensis klarar å puste igjen, og gir storesøster grei beskjed om at
det kan ho berre gløyme. Blir ikkje aktuelt!
0745 - storesøster er betre etter to tørre kjeks og litt vatn. Ho taklar særs dårleg lange periodar utan mat, og når det først har tippa over er det vanskelig å få i ho noko særleg. Vond sirkel som av og til må brytast med kjeks el.l. Dette veit eg jo, men angsten min er lammande og til tider (oftast) irrasjonell. Særleg pga. mykje noro-dritt i bygda og familien.