nokon
23k innlegg
Eg undrer meg litt over debattar om hårfjerning, voksing, barbering, napping og så vidare, både her på forumet og generelt i media. Det synest å vere brei einigheit om at ideala om hårfjerning er tullete skjønnhetsideal. Samtidig har eg til gode å sjå kvinner på min alder som ikkje sjølv overheld dette idealet. Og eg er der sjølv - i prinsippet tenker eg at hår er naturleg og at det ikkje er nokon fornuftig grunn til å fjerne det, men likevel opplever eg skjønnhetsidealet som så tydelig og så integrert i meg, at eg går ikkje med singlet og bare leggar viss eg ikkje har barbert meg. Og eg blir litt ille berørt når eg sitt på legevakta i oktober og får gipsa den hårete leggen min. Så kva seier FP? Er det forskjell på liv og lære på dette området, blant den jamne FP-brukeren? (Poll kjem).
Kva for ein påstand passer best for deg?
Eg synest idealet om hårfjerning er kvinneundertrykkande og lar håret vokse3% (4)
Idealet er kvinneundertrykkande, men eg barberer armhule likevel når eg skal ut blant folk5% (6)
Idealet er kvinneundertrykkande, men eg barberer armar/leggar ute blant folk22% (25)
Idealet er kvinneundertrykkande, men eg gjer det likevel på grunn av personleg velvære14% (16)
Kroppshår er stygt/ekkelt/lite feminint og eg fjerner alt/mykje heile året3% (3)
Eg fjerner kroppshår, og meiner det har lite med kvinnerolle og forventningar å gjere35% (40)
Eg fjerner kroppshår fordi det er fint14% (16)
Anna. Spesifiser i tråden4% (5)
115 stemmerUtløpt