Om eg hadde nekta lillesøster å gå med joggebukse, hadde ho nok gått naken i protest. Ho elsker dei, og det hjelper ikkje kor mange baggy, mjuke bukser ho har i skapet, det er joggebukse som teller.
No er lillesøster ein unge som kan øydelegga kler ved første bruk, så billige joggebukser er heilt ok. Det same er flekker. Hull derimot er ikkje ok.
Klær med stygge flekker vert sortert ut og brukt til maleklær. No før jul er det mykje lim og glitter i omløp, og då er det greit med klær som "toler" det.
Skal me på besøk eller noko, må ho skifte. Seinast i sist veke kom ho heim frå skulen med bytteklær frå innerst til ytterst, pga. at ho hadde tryna i gjørma.
