Me har filmpakke hjå canal digital, den kan eg godt klare meg utan, men effiemannen vil gjerne ha om me klarar. Me et middag (nesten) kvar dag, ingenting fancy men rimelig og grei mat. Et aldri ute, går på kino ein gong i året (i år blir det Hobbiten
Ellers brukar eg denne månaden briller i staden for å kjøpe linsevæske sidan det var tomt. Går utan lyd på øyra når eg går tur, fordi øyreproppane er øydelagde og eg vil ikkje kjøpe nye akkurat no. Strikker julegåver av restegarn, klipper luggen sjølv, og makar sokkar i staden for å kjøpe nye.🙄 Så eg har egentlig alt eg treng.