Eg veksler mellom Storytel og Fabel. Det vil seie, eg har hatt Storytel lenge, og pausa abonnementet i vinter for 2-3 månadar med Fabel. Det er ikkje dei same bøkene i begge. Fabel er eigd av Aschehoug og Lydbokforlaget, og har bøker som desse to har rettane på. Mitt inntrykk er at Storytel er solid med variert utval, at Fabel har nokre gode titlar, men mindre utval. I januar-mars var det og ein del tullete ting i appen til Fabel, som gjorde den lite brukarvennlig. Men fleire av dei småfeila blei retta på. Eg sende mail med tre ting og dei fiksa alle tre i løpet av nokre veker.
Fibi skrev:
Jeg boikotter storytel frem til de får bøkene til Jim Butcher og Anne Karin Elstad.

Anne Karin Elstad er Aschehoug sin, så då bør du nok leite på Fabel heller.