Det er nok meint å vere humoristisk/sarkastisk, men det var eit heller dårlig forsøk.
Dersom ein er barnlaus og ikkje likar å høyre på sånn pludring er det jo litt spesielt å velge å legge seg ved barnebassenget.
Og så er det jo heilt nødvendig å snakke til barn som ikkje kan snakke for at dei skal kunne lære å snakke.
Men det er ikkje nødvendig å snakke med babystemme! Eg har eit par litt eldre damer i familien som trur at dei må snakke med babystemme når dei snakkar til barn under fem år. Utrulig irriterande å høyre på!
Men eg har tydeligvis forbedringspotensiale sjølv også. Min eigen 4-åring korrigerte meg for ei veke sidan. Vi satt på ein utendørs kafè og så såg eg at det var ein spurv som satt på bordet ved sida av og spiste smular. "Sjå, der er det ein pip-pip", sa eg. Fireåringen ser på spurven, ser på meg som om eg skulle vere det dummaste mennesket i verda og spør "Er det fuglen du meiner, mamma?"
