Syrin
5,4k innlegg
Eg vil ta familien med på ein kort weekend-tur til Sogn og Fjordane i sommar! Me bur i Nordhordland - så vegen er ikkje lang. Alt eg veit er at eg vil til Luster, og sjå Urnes stavkyrkje. Men resten er eg i tvil om. Nokon som har tips? Ser for meg ei eller to overnattingar på hotell. Har to ungar som syns bilkjøring er ganske ok. Vi likar landskap, kulturopplevingar, shopping og iskrem på ein kai.