Går det an å vere meir bergenser?
Eg er veldig glad i Lillomarka og Maridalen. Mindre folk og litt meir rufsete terreng enn frå Sognsvann og innover. Sidan det ikkje går an å laste opp bilder frå mobil på dette forumet lenger, er det vanskeleg å dele ruter eg har likt. Men å ved å ta banen til Romsås og gå innover/ på langs får du oppleve Groruddalen på sitt beste. Eg òg gått deler av denne:
https://ut.no/turforslag/1113431 i fleire etapper, og håper å bli i form til å gå heile ein gong.
Eg er og glad i å gå gatelangs i Oslo, gjerne litt unna Frognerparken og Karl Johan. I fjor sommar brukte eg og Ungen ein dag på å sykle rundt etter dette kartet
https://www.visitoslo.com/no/artikler/urban-kunst-i-oslo/ og leite etter gatekunst, ta pauser på benker og kafeer (eller leikeplasser, men det er ikkje aktuelt for fire voksne) etter kvart som vi såg noko spennande vi ville stoppe ved.
Havnepromenaden frå Sørenga til Frognerkilen (eller deler av den) er og veldig fin. Ekeberg skulpturpark er ei oppleving i seg sjølv.
Både Munch og Nasjonalmuseet er nyåpna og flytta til nye (arkitektonisk diskutable) bygg.
I fjor sommer hadde ungen dilla på Stolpejakten. Og sjølv om det ikkje er alle aldersgrupper som lar seg fenge av konseptet, var det ein veldig fin måte å finne nye turløyper, både i byen og i marka.
Ein kortare, men veldig hyggelig tur, er å ta buss eller bane til eit tilfeldig vald startpunkt i Lillomarka, gå til Grefsenkollen og avslutte dagen med pizza og øl på uteserveringa der. Den korteste ruta (trur eg) er frå Årvoll og opp.
Oslo er ein veldig fin sommerby, altså!