maggypop skrev:
Tankevekkende og bar blogginnlegg. Jeg synes ikke det fremstår nostalgisk på den måten at det skal forskjønne bildet av tilværelsen slik den var da. Jeg oppfatter det heller som et apropos og en viktig kontrast til dagens hjemme- og familiefokus, der kun det beste er godt nok innenfor husets fire vegger.
Eg les det og som eit innlegg kor hovudvekta ligg på kontrastane, ikkje at alt var betre før. Eller at alt er betre nå. Men meir som ei skildring av forskjellane mellom nå og då.
Eg synest forskjellane er fascinerande. Det er interessant korleis Toro og boksematen meir eller mindre redda foreldregenerasjonen vår frå å stå på kjøkkenet heile dagen, og gav mødrene våre tid til å lausrive seg frå heimen, medan idealet i dag nærmast er snudd opp ned. Kvinna, som nå har alle moglegheiter åpne, både karriæremessig og i heimen, skal ikkje lenger strebe etter å komme bort frå kjøkkenet. Ho skal snarare servere måltid utan natriumglutamat og andre smaksforsterkarar, laga frå botn av. Det er ei vending bort frå dette at dei enkle løysingane skal gi foreldra meir tid utføre heimen. Trenden er i langt større grad å gjere seg flid med maten og
i alle fall ikkje servere boksemat og Toro-supper. Eg har mista litt tellinga på antal matpakketrådar, dei siste vekene, men det er jo eit symptom på denne trenda - ønsket om å velje dei enklaste løysingane på kjøkkenet, er ikkje lenger eit mål for kvinna.
Eg tenker ikkje på dette som eit problem som må løysast, ved at vi går tilbake til å servere maxi-boller. Eg synest bare det er veldig interessant å sjå korleis dette gamle husmoridealet i stadig større grad er eit ideal. Det er som om trenda gjenspeglar ein slags tilbake-til-kjøkkenbenken-bevegelse.