Ok.. her kjem sanninga om vår bil, men før eg seier det, så la meg forklare at vi bur i blokk, og vi har eit hol i golvet ein eller annan stad i bilen som gjer at vi IKKJE kan ha den i vaskeautomat. Det kjem vatn opp i golvet. (ja, den er gammal, over 16 år, verkstad greier ikkje finne ut kor vatnet kjem inn).
Det er over tre år sidan vi vaska den sist

Den er lys grå, så skitt vises dårlig. Når vi fyller bensin vaskar vi over vindu, skilt og lykter med sånn kost. Og that's it. Den er litt skitten, men ser reinare ut enn svarte eller kvite bilar som blir vaska ein gong i månaden.
Inni er den heilt ok. Vi har ingenting anna i bilen enn oss sjøl og barneseta. Dei får ikkje lov å ete i bilen. Så den er sikkert støvete, men heilt ryddig og smulefri.