Eg har nokre kriterier:
- Eg er under middels begeistra for moderne krim, men Jo Nesbø, Johan Theorin, Hans Olav Lahlum og P. D. James slepp gjennom nålauget. Finns det fleire i same sjangeren?
- Eg les norsk, engelsk, dansk og svensk på originalspråket.
- Eg er ikkje glad i "suppete" bøker, og har lagt bort både Tusen strålende soler og Tilbake til Riverton, før eg var halvvegs i boka, fordi eg ikkje likte dei.
- Eg er glad i bøker som er stilistisk sterke, men kjende då eg begynte på Don deLillo i natt, at eg ikkje har overskot til å fokusere på spennande språk, akkurat nå. Likevel er eg litt kresen på språk, og treng noko som ikkje blir så enkelt at det irriterer meg.
- Eg er ikkje glad i chic-lit.
Nokon som har nokre passande, lette boktips?