Me har ein kjellar som ikkje blir brukt til anna enn lagring med unnatak av eit vakserom. Alle veggar og tak og golv er ubehandla. Eg klatta på noko maling for å få det litt lysare, men ellers ingenting.
No har me oppdaga sopp/mugg på eine veggen. Den har fått pels nederst😱
Mannen meinar det er tørketrommelen si skuld, men eg er sterkt uenig. Den tørkar jo klær på under ein time og den samlar vatnet i beholdar som me tømmer ut. Eg meiner det heller er at me tørkar klær der nede. Det er rimelig rått om sommaren spesielt.
Anyway; kva bør me gjere? Sjølvsagt bør me sørge for å få til betre utlufting, men korleis behandle pelsen?
Bergensis
14k innlegg