Libra skrev:
Hva bruker dere for å skrive notater? Og hvodan funker disse greiene med bøker?

Eg bruker EverNote til notater. Det har eg lasta ned både på iPad, iPhone og Mac, og kvar gong eg åpner eit av programma, synkroniserer det notatene. Det betyr at når eg surfer på iPad og les bokblogger og tar notater i EverNote, kan eg finne fram "ønskelista" mi, på iPhone neste gong eg er på biblioteket. Det synest eg er praktisk.
Eg gløymde forresten å skrive opp DropBox i stad. Dette har eg og på alle dingsane, slik at dokument lagra i DropBox på macen er tilgjengelige på iPad. Slikt liker eg.
For meg er bøker på iPad tredjeval, fordi eg synest det er slitsomt å lese på opplyst skjerm. Men når eg ligg våken om nettene, er det veldig fint å ha bøker eg kan lese, utan å skru på lampe og vekke han i nabosenga. Så eg har som regel ei papirbok/lesebrettbok, og ei iPad-bok eg les parallelt. Dersom du laster ned FreeBooks eller liknande, er det mange gratisbøker du kan prøve der. Det er ganske enkelt, du bare les, og blar på skjermen. Gjennom kindle, kan du gå inn på Amazon, kjøpe bøker og laste dei inn i kindle-appen. Her er det også bare å lese og bla på skjermen. Kindle-appen kan og synkroniserast, slik at du har han på mobil og. Veldig kjekt, når ein plutseleg blir sittande lenge på venterommet, eller noko slikt.