Dragen skrev:
Bankremisser kan man ikke jukse med?
Bankremisse er eit papir du kjøper i banken, det er ekvivalent med ein tilsvarande mengde pengar, men sikra ved at det står eit namn på den og den kan ikkje brukast (hevast) av andre enn den personen. Den som kjøper ein bankremisse har altså allereie gitt ein sum pengar til banken for å få det papiret.
Ein sjekk er eit papir du skriv ut og påstår nokon kan få pengar ut av dersom dei går i banken med den. Så sjekker banken om det faktisk er ein tilsvarande sum pengar på bankkontoen din idet nokon ber om å få dei utbetalt. Er det ikkje det: synd for den som står der med sjekken....
Så når ein skal kjøpe store ting så er det definitivt bankremisse som er tingen. Eventuelt kan man insistere på cash eller på bankoverføring via nettbank mens man ser på ein gong mellom 12 og 13 - sånn at man SER at pengane er UT frå kjøpers konto og INN på din. Aldri sånn at man berre får beskjed om at pengane blir overført ved neste køyring (og som kjøpar: aldri sånn at man overfører pengane dagen før man får bilen.)