Esme skrev:
Nei, men jeg blir veldig sint over at det bare blir føyset bort som et ikkeproblem at småbarn har så lite fritid sammen med familien fra skolen sin side. Om man i det minste kunne fått forståelse for at det ikke er bra, så hadde man jo vært på vei i det minste.
Esme skrev:
Det var også forrige tråd i minne. Jeg tror både Katta, Guava og jeg var temmelig sinte da, det var veldig mye "ikke jobb med sånn jobb da!"-lettvintgreier.
Jeg mener man må kutte høst og vinterferie. Og om man mener at barna virkelig trenger disse friukene, gjøre de fleksible sånn at alle barn kan få fri.
Eg har
aldri føysa over at det er eit ikkje-problem at små barn har lite tid med familien sin, men eg har vore sterkt ueinig med deg i slike diskusjonar før.
Eg synest det er eit minst like stort problem at 16-åringar begynner på helse og sosial med 2,2 i snitt og ikkje klarer å lese, fordi dei ikkje er i stand til å konsentrere seg om å hugse begynnelsen av ein setning heilt til dei kjem til slutten. Eg trur mykje av grunnen til fråfallsprobelmatikken i vidaregåande skule ligg her og eg trur at det einaste ein kan gjere er å jobbe med haldningar til skulen både frå foreldre- og samfunnside i tidlegare alder. I alle fall viser forskning at foreldre sine haldningar til skulen er den viktigaste faktoren for elevane sitt suksessnivå. Og eg meiner at "Det er ikkje så farleg, dei lærer ingenting den veka likevel"-haldninga som går igjen hos svært mange foreldre, både på FP og i resten av samfunnet, er direkte øydeleggjande for barna sin skulegang. På samfunnsnivå, it is.
Både du og Katta har snakka om fleksibel haust- og vinterferie. Korleis forestiller de dykk at dette skal organiserast reint praktisk. Det høyrest jo forlokkande ut, men eg klarer ikkje heilt sjå føre meg korleis det skal gå opp, utan at ein må gjenta undervisningsopplegg fleire gonger over ein periode.
Katta skrev:
Men hvordan har det seg at de ikke skjønner at det er andre regler når de er kommet et hakk lenger? Det burde ikke være så vanskelig å formidle "nytt nivå, nye regler" egentlig hvis reglene var reelle? Bare prøv å utebli fra obligatoriske greier på universitetet, da kommer du faktisk ikke videre. Jeg synes skolen viser for lite muskler der det gjelder.
Elevar har opparbeida seg veldig mange rettar (mellom anna fordi EO-AUF-AP-linken har vore veldig sterk det siste tiåret), det er ikkje hjemmel i opplæringslova for å seie "Sorry, du møtte ikkje, ditt problem!". Elevane har eit rettigheitsnettverk som om dei skulle vore voksne og ansvarlege, men så viser det seg gjentatte gonger at dei ikkje er det. Og det er problematisk.
http://www.youtube.com/watch?v=TCob87aJOzY
Det er ein utbredt "Hva med meg-da?"-haldning her. Og elevane har dessverre veldig mange rettar. Eg var sjølv aktiv i Elevorganisasjonen for 12-13 år sidan, men når eg ser utviklinga, angrer eg litt på ein del av dei sakane eg var med på å kjempe for.
Katta skrev:
Kanskje man burde ha kun eksamensvurdering?
Den aller viktigaste delen av jobben som lærar, reint fagleg, er veiledningsbiten. I alle fall i mine auge. Det å ta tak i ein 3+ eller 4- og forklare og veilede og hjelpe eleven til å trene opp ferdigheitar og nå målet sitt på ein halv til ein karakter opp, vil bli heilt borte med kun eksamensvurdering. Det er og bakgrunnen for at eg reagerer negativt på FrP sitt forslag om anonym vurdering. Viss ikkje elevane skal få tilbakemeldingar undervegs på korleis dei ligg an og veiledning slik at dei kan gjere ting annleis og betre neste gong, trur eg ikkje skulen blir ein god plass å lære.