Du er min sjelefrende, Konsulenten 🙂
Eg har sysla med dei samme tankane i det siste. Er nå lei av alle skåra på våre
IKEA-glas. Dei får små knusningar langs kanten oppe. Dei er også blitt slitt innvending på grunn av at vi stablar to og to saman. Dei får ei grå rand oppe der glas møter glas - og dei ser dermed alltid skitne ut.
Eg hadde nesten bestemt meg for dei du hadde bilde av først - dei finske frå Iittala. Det er jo positivt om dei held godt da. Ei veninne av meg har glas frå Rosendal (?), og dei er tunge og fine. Verkar solide. Ho har hatt dei ei god stund utan skader. Litt usikker på om dei finst i høgare versjon.
Eg har i alle fall ikkje god erfaring med IKEA. Billig forbruksvare. Det kan vere ok det også (vi visste det når vi kjøpte dei), men litt meir miljøvennlig med noko som varer.