Så for meg er det heilt innafor å reise vekk på Halloween. Har ikkje eingang tenkt tanken på at det ikkje skulle vere greit.
Eg må innrømme at eg ikkje heilt likar denne utviklinga når det gjeld Halloween og strittar i mot så godt eg kan. Men eg har innsett at eg ikkje kan holde ungane utanfor når alle andre får lov til å samle snop, så det får dei lov til. Men det er ingen Halloween-pynt eller gresskar i vårt hus! Kvifor må vi absolutt importere andre land sine tradisjonar og bruke masse pengar på det?