I dag har vi spist ein enkel vegetarrett: Eit brokkoli (ein brokkoli? Nå blei eg litt usikker?), to paprikaer, ein løk, ein boks vannkastansjer og ein boks bambusskudd, ein pakke sukkererter. Grønnsakene blir wokka og så har vi oppi ein pose santa maria kryddermiks for grønn karri og ein boks kokosmelk. Her serverest det med eggnudler til. Og så lenge ein er litt forsiktig med sausen og nudlene, kan ein nesten spise ubegrensa med grønnsaker med deilig kurrysaus.
Eg er også veldig glad i denne
"Red lentils, chickpeas and chili soup", som er veldig mettande og god.
Denne gulrotsuppa er også veldig god. Her bytter eg ut fløten med creme fraishe, då blir ho litt friskare. Denne står det kylling i oppskrifta men ho kan lagast både med og utan kylling. Ho held seg godt i frysen, og kan godt frysast ned i porsjoner til lunsj.
Dei fleste tomatsausar til pasta og ris og liknande, går det fint å erstatte kjøtt med bønner. Eg lager gjerne pastasaus med brune bønner løk og tomater som eg moser med stavmiksar, kryddrar med oregano, basilikum, pepper etc. og har oppi rivne gulrøtter og stangselleri-biter eller liknande.
Ovnsbakte grønnsaker lager eg også ofte. Ei blanding med litt potet og mykje andre grønnsaker i ildfast form.