Eg sende ein vinterdress for halvanna veke tilbake. Pakken vog 1005 g. Eg sa eg kunne klippe vekk ei stripe av gråpapiret, men dama som tok i mot sa dei kunne sjå mellom fingrane på dette.
No får eg rekning på manglande porto:
87 kroner for manglande porto +
59 kroner i ekspedisjonsavgift.
Dama på kundeservice seier at grensa er 1000 g og da må eg forholde meg til det. Men når post i butikk her seier at det er greit, at dei ikkje tar seg tida til å la meg klippe bort ein strimmel på 5 gram?!?
Hadde eg posta den på eigahand, og tatt sjansen utan godkjenning frå tilsett, så hadde eg kanskje forstått det .
😡
Når eg da har betalt giroen, så har altså posten tjent:
63 kroner i porto
21 kroner i størrelsesgebyr
87 kroner i manglande portoen
59 kroner i ekspedisjonsgebyr.
Det er mykje pengar det. For sending av ei pakke. Makan!
Saka skulle vidaresendast, men dama virka ikkje særlig medgjørlig.