Det er iskaldt og vindig der. Eg har kjøpt fullt sett med vintertøy i Warszawa i haustferien sjølv, fordi eg trudde at å reise sørover i Europa betydde å reise til varmare strøk.
Eg kikka litt på kartet og det ser ut som om Polonia Palace ligg like over vegen for Kulturpalasset, altså midt i sentrum.
Det som er mest fascinerande med Warszawa er at det er ein by som har historien liggjande tjukt utpå seg i arkitekturen. Det er ein by med kvartal med veldig typisk austblokkpreg, sovjetiske symbolbygningar og flotte, nye hotell og kjøpesenter som gjenspeglar det meir vestlege preget Polen har fått i nyare tid. Gamlebyen, som blei bygga opp igjen etter å ha vore bomba til grunnen under andre verdskrigen, er relativt ny, men har samtidig ein del av det preget austeuropeiske gamlebyar gjerne har. Viss du er interessert i den delen av historien, kan Warszaw Uprising Museum vere verdt eit besøk. Eg hadde i alle fall eit anna blikk på bygningane rundt meg, då eg gjekk rundt i byen, etter å ha besøkt det museet.
Og så er det ein sjokoladebutikk/kafé inne på det kjøpesenteret like ved Kulturpalasset som har nokre heilt enormt fantastiske kaker.