Jeg vil gjerne vise hva den flinke flinke Siren sundland har skrevet. det beskriver veldig godt mine følelser når gamle venner tar kontakt for å selge meg ting eller verve meg i WGI.
Agentsystrer
«Visste du at Elvis hadde over 15 kg avføring i tarmane då han døydde?», spurde ho.

Publisert: 17. jul. 2005, 06:00
Oppdatert: 17. jul. 2005, 06:00
«Nei», svara eg. Det visste eg ikkje. Eg visste heller ikkje at ho, som eg ikkje hadde sett sidan grunnfaget i psykologi, hadde verva seg til Herbalife. No sat ho der i mi stove og presenterte fantastiske produkt for vekttap og forbrenning, mens eg tok eit stykke av kaka eg hadde bakt til ho skulle kome. Sjølv takka ho nei til heimebakst, ho ville heller ha eit glas vatn til å svelgje Herbalife-tablettane med.
«DU KAN JO tenkje deg sjølv, det er ikkje noko sunt å gå rundt med 15 kg avføring i tarmsystemet, men det er det faktisk mange som gjer», forklarte ho ivrig. «Det er berre så altfor mange som verken har dei produkta eller den kunnskapen som skal til for å halde kroppen sin i form».
Eg kan ikkje heilt hugse resten av argumenta hennar, men eg hugsar godt at krydderkaka passa veldig dårleg til den forteljinga om Elvis, og at heile opplegget vart temmeleg pinleg. Ho som sa ho ville stikke innom fordi det var så lenge sidan sist, kom berre på besøk fordi ho hadde noko ho skulle selje. I ettertid ser eg at det som hende ikkje berre var pinleg, det var på sitt vis ei historisk hending: For det var den kvelden nettverksmarknadsføringa kom til Arna.
VISST HADDE VI hatt både Tupperware og Oriflame, men det var noko heilt anna, det var
party. I generasjonar har damene i Arna gått på party til kvarandre, vi har fått vertinnegåver og vervepremiar herfrå til himmelen. Men ingen ville finne på å forveksle eit
party med eit besøk. Skal du på
party, tar du lommeboka med. Men når ei venninne ringer for å seie at det er altfor lenge sidan sist, då er pengar det siste du tenker på.
Eg trur heile tradisjonen tørka inn etter at ei bølgje av vaskeparty hadde skylt gjennom bygda.
Party og vasking er sjølvsagt eit paradoksalt prosjekt, eg treng vel ikkje bruke tid på å forklare kvifor
det aldri tok av. Og akkurat her er det Elvis kjem inn i bildet: I det vakuumet som oppsto etter partyrørsla, byrja plutseleg gamle venninner å ringe rundt til alle andre gamle venninner, og folk ingen hadde sett sidan barneskulen stod med eitt på trappene til kvarandre og stråla av gjensynsglede medan dei ropte Herbalife! No veit vi jo korleis det gjekk. Gjensynsgleda vart kort, pyramidane rasa fort.
NETTVERKSMARKNADSFØRING er enno eit relativt ungt kapitel i kvinnehistoria, men det er like fullt eit viktig kapitel. Ikkje minst med tanke på framtida. For i siste nummer av «Framtidsorientering», tidsskriftet frå Copenhagen Institute for Future Studies, står det skrive om urovekkjande, nye trendar. I USA har dei nemleg tatt nettverksmarknadsføringa eit stort steg vidare, i USA vervar gamle venninner seg som Buzz Agents. Agentane si store oppgåve er å summe og småprate systematisk, dei driv aktiv
word of mouth marketing. Via Internett får agentane informasjon om ulike kampanjar for produkt som skal marknadsførast med munn til munn metoden. Agentane vel sjølv kva for produkt dei vil småprate om, og får straks eit prøveeksemplar og produktinformasjon i posten. Agentane fortel villig vekk om dei fine produkta til slekt og venner, og elles alle andre dei treff på sin veg. Etterpå skundar agenten seg heim og fyller ut nøyaktig informasjon om kven, kor og kor mange ho har snakka med. Ho får poeng for desse opplysningane, og når ho har samla seg nok poeng, kan agentane velje fritt mellom ulike bonusgåver.
BZZAGENT HAR så langt rekruttert 60.000 agentar i USA og Canada, og av desse er 70 prosent kvinner. Ikkje uventa er agentane svært effektive, berre i løpet av nokre få kampanjeveker skapte agentane oppsiktsvekkjande resultat for buksemerket Lee «One true fit». Agentane tok berre på seg sine prøveeksemplar av dei spesialdesigna buksene (som får deg til å sjå høgare og slankare ut) og produktplasserte seg sjølv hist og her. Agentane småprata om buksene sine med damer dei møtte på jobb, på butikken, på do og på kafé. Då kampanjen var avslutta, hadde heile 88 prosent av respondentane sagt at dei hadde skifta oppfatning av Lee-merket.
Det er i seg sjølv eit imponerande resultat. Men det beste av alt er at agentane ikkje berre overtyder alle dei møter om produkta dei presenterer - den aller sterkaste effekten har dei på seg sjølv. For når du har gått i fleire veker og småprata om kor høg og tynn du kjenner deg i den nye buksa, så kjem du til eit punkt der du lar deg overtyde. Ikkje overraskande vert agentane dei mest lojale kundane av alle. Opplegget er genialt. Opplegget er skremmande.
VEL AV MI gamle venninne rimeleg kjip den kvelden ho kom dragande med Elvis og Herbalife, men eg er stygt redd eg har verre ting i vente. Kvifor skulle ikkje Buzz Agents etablere seg her, når hjartedørseljarane frå Tupperware, Oriflame, Herbalife og Natures Own gjorde det? Om kort tid har vi dei her, småpratande agentar som smilar mot deg på jobb, på skulen, på toalettet.
Vi har lange tradisjonar for å gå på party. Eg skulle ønske vi hadde like lange tradisjonar for å diskutere det kjøpepresset vi flettar inn i venninneforholda våre. Eg skulle berre ønske ei gammal venninne ville ringe for å invitere på Antiparty. Der kunne vi verve kvarandre inn i diskusjonen om korleis ein så sterk maktfaktor får prege relasjonane våre. Det burde vi gjere med det same, mens vi enno ser kvarandre som venner:
«Acquaintances are social power. The more acquaintances you have, the more powerful you are.» www .bzzagent.com
Siren Sundland