Mine er jo noko større, og vi bruker "sæd" og "egg" når vi snakker om det. Dvs. det er i grunn sjelden vi kjem så langt, for tiss inni tiss frembringer vanlegvis hysterisk krampelatter hos jentene, mens far i huset går stille ut og tar ein røyk. Dei veit heile gangen i det, og at storesøster kom ut gjennom "babyhullet" og at lillesøster kom ut når legene skjærte i magen. Eg er tilhengar av å kalla ein spade for ein spade, så lenge det er gjort på ein forståeleg måte.
Lillesøster har forøvrig bestemt seg for å arve barn, og ikkje føde sine eigne. Ho har filosofert over kroppen sin, og konklusjonen var at "babyhullet" er mykje mindre enn hovudet til ein baby, og ergo må det gjer grusomt vondt. Måtte jo sei meg enig i det, men at det går over er visst ingen trøst.
