Matilda skrev:
Man kjøper et nytt sett. Det er meget mulig de selges enkeltvis, men det har jeg aldri sett.
Dei fleste musikkforretningar sel enkeltstrenger - men som regel er utvalet i merke og variantar større om du kjøper heilt sett. Er dei gamle strengene relativt nye, dvs ikkje synleg misfarga eller slitt, går det som regel greitt å skifta berre den eine strenga - det går sjølvsagt uansett an, men den nye strenga vil ha ganske ulik lyd i høve til dei gamle om dei er veldig slitt eller oksydert - men det kjem an på kor nøye ein er på det - klangen jamnar seg uansett etter ei tid.
Eit alternativ er om du kjem over "halv"-sett, som finst til nylonstrenger: Anten dei tri djupaste, eller dei tri høgaste strengene. Fann slikt på 4sound Kvadrat. Dette funkar fint på nylon då det berre er dei djupe strengene som har metallsurring - var faktisk dobbelt opp med D-streng i "bass"-settet eg kjøpte - veldig praktisk sidan det er den som ryk oftast.
Noko som er eit godt tips om du skifter alle strengene sjølv om berre ei er røken er å ta vare på dei "heile" strengene du tek av og ha dei som naudreserve om du ser for deg at slikt kunne vera ein fordel.