Angåande HI tenker eg at det må jo vere opptil den einskilde familie korleis dei vil disponere permisjonen. Men eg ville nok rynka på nasen om eg hadde høyrd om tilsvarande og eg veit at både eg og Mannen ser på ein slik bruk av permisjonen som uaktuell - Mannen er veldig klar på at han ønsker permisjon for å vere saman med Ungen, og at han derfor heller ikkje ønsker gradert uttak.
Guava skrev:
Det skal ganske mye til for å få overført permisjon fra mor til far ved mors sykdom og der er sjeldent barnehage noe alternativ.
Det er ikkje riktig. Tidleg barnehagestart blir i alle fall presentert som alternativet til overføring av permisjon ved sjukdom. (Eg har forøvrig ikkje opplevd overføring av permisjon som problematisk, men det kan hende vi har vore heldige med saksbehandlarar).
Det å kombinere barnehageplass og permisjon er heilt nødvendig med det rigide regelverket som er for tida. Ein kan kun søke om plass frå 1. august og ein må ta plassen i bruk i løpet av august. Viss vi skulle vere så heldige å få plass til Ungen som blei født i slutten av september, vil vi måtte bruke barnehage nokre timar kvar dag, sjølv om Mannen har permisjon til midten av oktober. Det er ikkje mykje rom for å velgje korleis ein vil gjere ting nå.