Eg ser at den demonterte ovnen er frå IKEA. Når eg sjekker måla deira er min. nisjehøgde stort sett 570 mm. Og det betyr jo, som eg frykta, at ein er bunden til å kjøpe kvitevarer på IKEA når forrige eigar har vald IKEA-standard-løysingar ...
Eg kjenner eg er skeptisk - og er ikkje blitt mindre skeptisk av å flytte inn i eit kjøkken med kvitevarer frå IKEA.
Er det nokon som kan berolige meg med at IKEA leverer same kvalitet som elektronikkforhandlarane, viss ein drar på og kjøper ein ovn i ein av dei mellomhøge prisklassane?
Eller er det "lurt" å gå for ein 2000-kroners kjip og enkel variant, fordi IKEA-kvalitet er IKEA-kvalitet uansett?