I år skulle eg vera skikkeleg kul mamma og gå for heimelaga pepperkakehus (med mal frå o' store internettguden). Fann ut at eg skulle laga veggene ekstra tjukke så dei ikkje knekk så lett (smart), la lillesøster skjera ut dei store delene med pizzakutter (veldig smart) og overlata detaljane til storesøster (ekstra smart). Resultatet etter steiking er at veggene er omtrent like tjukke som Norges Banks, eg har fått ein sterk mistanke om at lillesøster er skjeløyd eller noko, men innser at storesøster faktisk er god på detaljer.
Så montering: Etter stoooore mengder sukker, eit par mindre pene ord, ei pipa som hamna på fuglebrettet, så... tada!... huset står! Pent? Nei! Det vart relativt raskt døypt til Charlie Buckets hus, og etter ungene var ferdig med pyntinga ser det ut som om Willy Wonka har gått fullstendig bananas. Skikkeleg lekkert med andre ord!