I min verden er dings alt eg ikkje kjem på kva heiter. Det kan vera på størrelse med ein elefant, eller eit riskorn. Forsøket på å komma på kva dingsen heiter medfører gjerne bruk av hendene, enten ved å illustrera fasong eller størrelse (som sjelden stemmer) eller knipsing og peiking (som sjelden hjelper). Det er sjelden namnet dukker opp, sjølv ved knipsing eller illustrering, men vil gjerne medføra brå oppvåkning rundt kl. 3 der namnet vert ropt ut (til stor overraskelse for den som ligg ved siden av) før ein legg seg ned å søv vidare.
