På tur har vi med ein pakke glutenfritt knekkebrød og ein pakke baguetter (sånne i plast). Ingen erfaring med Tyrkia, men vi har reist i Spania, Frankrike og Tyskland. Er lite problem egentlig - det var lettast i Spania og Frankrike der dei brukar mindre ferdigmat. Vanskeligare i Tyskland der maten er meir som vår mat.
NÅ er jenta vår "enkel" da. Et gjerne egg, salat og pålegg til frokost. Middagar er som regel svært enkle å løyse, men det blir ein del pommes frites (ris er kanskje meir vanlig i Tyrkia, slik at du har den muligheten også). Elles blir det ein del yougurt og frukt til kveldsmat og mellommåltid. Ho er fornøgd, og elskar å gå på restaurant. Klagar av og til over å ikkje kunne ete pizza - men det syns eg nå uansett vi kan ete heime 😉
Ver obs på at kjeder f.eks mac donalds, som vi er van med har glutenfritt her heime, ikkje nødvendigvis har det tilbudet i utlandet. Mac Donalds på Heathrow veit ikkje kva glutenfritt er for noko ein gong

(og det er jo utrulig, er liksom ikkje LITE mennesker innom der, og heilt sikkert ein cøliaker i ny og ne)