Der er ein del trådar om jeans, men vel å legge inn her. Etter tips her inne har eg bestilt på makeyourownjeans.com (link over hos Wix over). Buksene kom i går og eg er svært fornøgd. Eg rekna denne bestillinga som eit "testeksemplar", og bestilte
Body Hugger Stretch Denim-X Jeans
- Fit - Slimmer Straight Fit
- Waist - high
- Tummy control panel (yepp..)
Den passa supert over eit bredt hofteparti med ein rund mage som treng litt kontroll. Trykker ikkje inn (= kvalm etter ei stund), men er litt fast og høg og gir mindre bulkete fasong

(med for låge bukser blir det bul på bul). Det einaste skåret i gleden er at buksa var litt for kort. Der har eg rett og slett ikkje greid å måle riktig lengde (gjorde det sjølv med mjukt målbånd, måtte jo bøye meg). Buksa satt elles fint over lår og legger. Sitt laust over legger, men det er vel meininga med "straight fit". Eg har elles slanke legger (og lår), så mulig "straight" vil sitte trangare i leggen hos andre.
Sjølv om buksa er for kort (teit kort rett og slett), kan eg godt bruke ho. Eg trør på meg leggvarmerar, så er jo problemet løyst sånn sett. Men neste gang eg bestiller legg eg til ein del i lengden, og så trur eg at eg ønsker meg ei bukse som sit tettare rundt leggene. Denne var tett, men ikkje tights-tett for å seie det sånn.
Men elles? Super kvalitet, god stretch, komfortabel på, og eg kjem til å bestille fleire.