Eg har gjort ein del research på dette, og funne ut at for å kunne ha apper som bookbites eller andre norske bibliotekapper, må ein ha eit lesebrett som kjører på Android. Eg kjøpte Onyx Boox av den grunn, då min Kindle slutta å vere bærbar. Det var middels god brukaroppleving, blant anna fordi brettet går veldig treigt når ein bruker eksterne apper, men det gjekk an å lese lånte bøker i bookbites-appen. Dette døydde imidlertid etter ca. eit år, eg har framleis ikkje skjønt grunnen. Men det virker veldig "billig plastikk" samanlikna med andre lesebrett eg har sett på og tatt på. Så eg trur det har fått ein liten støyt den ikkje tålte, då det var med på telttur.
Eg kjøpte Kobo Libra på forsommaren. Der får eg (gjennom Deichman) veldig godt utval i dei bøkene dei har i Libby. Det er stort sett engelske bøker. Sidan eg les mykje engelsk, sparer eg fort inn brettet ved å låne i staden for å kjøpe her. Men Kobo har ikkje Android, så du kan ikkje laste ned bookbites. Kobo støtter utlånsordningar som går gjennom eit system som heiter "overdrive". Og foreløpig er det bare det du finn i Libby-appen som funker som lånebøker her.
Blondie skrev:
Hvordan er utvalget på NLB? Kommer det for eksempel nye bøker?
NLB er som biblioteket. Det kjem nye bøker, men det er begrensa lisenser og ofte litt venteliste. Det er veldig bra til lydbøker eller kombinasjon lydbøker/ e-bøker. Men eg synes personleg ikkje formatet er så veldig greit til lesing av e-bøker. Men som Ingling seier, må du ha ein grunn til å få tilgang.