Eg kjenner eg blir så frustrert. 🙁
1. mai hadde 10.klassingane et arrangement. Eit arrangement der foreldre,fau og politi var tilstades i ytterkant for å passa på.
No skal dei ha eit nytt arrangement i dag, utan at "voksne" skal vera tilstades. Thank God for Facebook. 😉
Eg meiner at når ein tillater drikkinga av alkohol på slike tilstelningar, legaliserer ein at ein godtar at 15 åringar drikke. Er det virkelig nødvendig?
Eg spurde kva politiet gjorde på denne tilstelningen, og fekk til svar at dei passa på at ikke ungdommen drakk for mykje og hadde det bra?
Er det mulig, er det rart me har for lite politi i Norge når dei skal nyttast til slike oppgåver? Dette er snakk om 15 åringar.
Eg meiner her må foreldre ta ansvar, og det vaset med at då veit me kor de er og kva de drikke er nonsens. Dette er ei tid alle veit kjeme, ungdommen blir tidsnok 18 år og kan lovleg få i seg kvoten sin.
Det viktigaste er tydelig grenser og forventningar. Kva om politiet heller hadde kjørt ungdommane heim med ei bot på kr. 3000 ? Då hadde det nok ikkje vore så kult å drikka, og de aller fleste foreldre forstår seg forhåpentligvis på pengar....
Gahhh....De er 15 år. 🙁
amo
8,9k innlegg