
Nå tvang dere meg til å nærlese kronikken og jeg har prøvd å sammenfatte litt.
Det vi alle automatisk gjer når vi skal finna ut kva ein som kjenneteiknar ein kultur, er å jamføra. Eg gjer det, Tajik gjer det, og Ola gjer det, heile tida og meir eller mindre umedvite. Alle veit vi at det finst regionskulturar, nasjonskulturar og for den del vestlege og asiatiske kulturar og at dette gjev utslag. Ingen Ap-politikar har problem med å definera Noreg og norsk kultur når dei skal skryta av det dei har gjort
Dette synes jeg f.eks er OK skrevet.
[B]Kredittratingsbyrået Moody har laga ei rangering over dei katolske og protestantiske landa i Europa. Dei landa som har minst statsskuld, er land der fleirtalet er protestantar. Dei nordiske landa har det til felles at dei aldri har gått konkurs, anten dei har vore borgarlege eller sosialistisk styrt. Dette er kultur, og det er nær unikt i verdssorga.[/B]
Folk flest i Noreg veit at det er eitt eller anna med det samfunnet dei er ein del av som fungerer svært godt. Dette «eitt eller anna» kan vi kalla kulturen, det som bitt oss saman, det som gjer at same kor irritert vi vert på Nav eller politiet eller teknisk etat, så veit vi at vi får stort sett det vi har rett på utan å måtte betala ei einaste krone under bordet. Og folk fleste veit at slik er det av di dei andre er som dei sjølve: ukorrupte, løysingsorienterte og fleksible.
Tja, kanskje litt forenklet fordi det er andre ting enn en "ukultur" og dårlig moral som gjør samfunn korrupte.
[B]Vert så den norske kulturen truga av innvandring? Sjølvsagt vert han det. Det kjem no fleire innvandrarar til Noreg kvart år enn det vert fødd born her til lands. Og av di vi har denne tilliten til kvarandre, av di vi har bygd opp fungerande institusjonar, av di vi stort sett har halde korrupte politikarar unna makt, har vi vorte naive. Og det er særleg denne naiviteten i kombinasjon med eit lutheransk dårleg samvit for all rikdomen som gjer at vi er sårbare.[/B]
Jeg er overhodet ikke redd for at innvadrere skal komme til makten og gjøre Norge til et korrupt samfunn, men synes det er OK å ta opp spørsmålet om det er problemfritt at det antallet innvandrere som kommer til landet hvert år er høyere en antall fødte barn her , med tanke på bevarig av norsk kultur.
Tappa for pengar
Aftenposten har vist at ein urovekkande stor del av vaksne pakistanske menn i Oslo var aktive i drosjesvindelen. Skattetaten, Oslo kommune og Nav vart år etter år systematisk lurte og tappa for pengar. Staten nytta hundretals millionar for å koma til botn i saka. Om ein slik kultur får fotfeste og brer seg, vil han systematisk undergrava det norske samfunnet som vi kjenner det.
Christian Tybring-Gjedde frå Frp, ein fyr som ikkje alltid er lett å lika, har forstått at noko kan gå gale. Før jul spurte han kulturminister Hadia Tajik i Stortinget om han kunne få «vite hvordan statsråden definerer norsk kultur og i hvilken grad hun mener det er viktig for landet å verne om og beskytte vårt lands kultur og tradisjoner». Dette er eit legitimt spørsmål. Noreg går no gjennom sitt kanskje største sosialpolitiske eksperiment nokon gong, og grunna innvandringa veks folketalet her prosentvis like raskt som i India - altfor fort.
Dette er jeg ikke enig i, jeg vil ikke skylde på verken pakistanske taxi-sjåfører eller tyrkiske kebab-selgere for at flere og flere etniske nordmenn finner det for godt å jobbe svart eller snyte på skatten på andre måter. For å ta noen eksempler på vår egen ukultur.
Svaret frå Tajik var eit skuleflinkt svar som ikkje sa noko anna enn at kultur er i endring, som om nokon trudde noko anna, og at norsk hadde lånt ei rekkje ord frå andre språk, som til dømes at «alkohol» kjem frå arabisk. Kva så? Språk åleine skapar ikkje ein kultur. Det andre ordet i den fyrste Oxford Dictionary, var til dømes det norske ordet «aa», altså grov eller bekk. Eg tviler på at ordet har gjort noko som helst for engelsk kultur.
Svaret frå Tajik var typisk for alle desse som vil ha oss til å tru at det er umogleg å definera kultur av di ein ikkje kan finna nokon unik essens, at kulturtrekk her finn ein att ein annan stad der. Men det er kombinasjonen av ei rekkje ulike element som skapar ein særmerkt norsk kultur, som i sin tur har gjort oss til eit svært så vellukka land.
Men dette er jeg enig i.
Vår internasjonalt mest kjente kulturforskar, sosialantropologen Fredrik Barth, har sagt det slik: «Dersom det lønner seg å gjøre noe annet enn hva man har gjort før eller blitt fortalt man skal gjøre, ja, så gjør man det. Enhver samfunnsordning er under stadig press fra folk som vil lure seg unna eller bruke den til egen fordel. Er ikke et samfunn konstituert slik at det bestyrker seg selv, vil folk komme til å undergrave det. Samfunn blir altså dypest sett skapt på mikronivå i relasjoner mellom enkeltindivider.» Tybring-Gjedde kan ikkje formulera seg like godt, men det er dette han er redd for skal skje med norsk kultur, at den vert undergreve av den omfattande innvandringa.
Nettopp, TG kan ikke formulere seg like godt (helt enig i det) men Tajik skjønner at det er dette han er redd for, men velger å ikke svare han konkret på dette. Jeg deler ikke Tybring Gjeddes redsel, men tenker at han fortjener et ordentlig svar.
Korleis vi skal finna ut kva kultur er for noko og kva det gjer med oss, gav Barth oppskrifta på i 1969 i boka Ethnic Groups and Boundaries. Boka revolusjonerte sosialantropologien og er det mest internasjonalt siterte arbeidet av nokon norsk samfunnsforskar. Hovudbodskapen er at kultur og etnisitet ikkje i seg sjølv er essens, men eit resultat av sosial interaksjon, grenser og fråstøyting, og at det er jamføring som gjev oss innsikt.
Neste gong ho får eit spørsmål om kva norsk kultur er, kan Tajik samanlikna pakistansk og norsk kultur. Eg kjenner meg sikker på at ho vil finna skilnader. Og så kan ho fortelja oss kva for samfunnsmodell ho meiner gjev best resultat, og om folk i det minste ikkje har ein bitte liten grunn til å uroa seg.
OK, innrømmer at dette var litt søkt. Det er ingenting som tyder på at vi kommer til å innføre en pakistansk samfunnsmodell eller noen annen for den del.
Greit, Hunstad er en god del mer fremmedfiendtlig og skeptisk enn det jeg er, og jeg leste nok kronikken hans litt kjapt (det gjorde jeg for øvrig med de andre tekstene også) Jeg hengte meg nok mest opp i det som sto om Tajik og skummet forbi det andre. Det forandrer ikke det faktum at jeg ikke synes innleggene til Tajik er noe å rope hurra for heller.