Eg er sjølv i gang med å "pynte på naturen", med omfattande tannregulering, og sjølv om veldig mykje av årsaka ligg i ynskjet om å få eit bitt som faktisk fungerar, ligg det naturleg nok også eit kosmetisk aspekt inne i dette her. Som det gjer for dei som fyller leppene sine, enten det er bittelitt, str and, hjerte eller kva som helst eigentleg. Dei fleste gjer det vel fordi dei tykkjer det er fint, og så er synet på kva som er fint ulikt frå person til person/gruppe til gruppe?
Personleg har denne tråden fått meg til å lure veldig på korleis det
føles å ha leppene fylt med diverse stoff. Dei mest ekstreme variantane ser då frykteleg ubehageleg ut? Blir det stramt? Hardt? Korleis fungerar det å ete, eller kysse? Mistar ein noko av følsomheten i leppen? Eg fekk nesten lyst til å prøve, berre for å finne ut av dette.

Men leppene mine er bra nok som dei er, og det blir ellers herja nok i munnområdet mitt likevel, så eg garanterar at eg lar det vere.