Niobe skrev:Jeg ville defintivt drøyd kumelk som drikke. Barn bør drikke MM/MME til de er hvertfall ett år.
Etter det eg har lest i den tjukke brosjyren frå helsedirektoratet er det fordi kumjølk fortrenger jernrike matvarer frå kosthaldet at det ikkje bør gis før 1 år. Dette tolker eg som at kumjølk kan vere eit problem for små barn som spiser lite fordi dei treng all den jernrike maten dei kan få i seg. (MME er jernberika, det same er frukt/yoghurt-miksene for 6+ mnd.)
Grøtungen spiser ganske jo mykje mat, og relativt variert (med forbehald om pålegget), så med litt aktsemd i forhald til når mjølk vart gitt, ville eg ikkje vore så bekymra for at kumjølka fortrengte så mykje jernrik mat der? Leverpostei og brokkoli er bra, og noko med c-vitaminer i attåt - juice eller frukt. Eg ville ikkje gitt mjølka til alle måltid, trur eg.
Eg trur vel at min unge framleis kjem til å spise ca halvparten så mykje mat som Grøtungen om 2 veker når ho blir 1 år, og håper eg ikkje treng vere bekymra for kumjølkinntaket...