Vi fekk med eit maskingevær i plast som såg ganske så ekte ut (sånn bråkegreie med lyd) då vi reiste heim frå Mallorca for to veker sidan. Eg blei veldig overraska over at vi ikkje blei stoppa! Det låg demontert i tre delar i ein boks oppi sekken som blei gjennomlyst i sikkerhetskontrollen. Vi tok den sjølvsagt ikkje ut av sekken på flyet.
Vi diskuterte veldig fram og tilbake i forkant om vi skulle pakke det i kofferten som blei sjekka inn eller om vi skulle ta den i handbagasjen. Vi kom fram til at det var best å ta det i handbagasjen sidan vi då ville vere der under gjennomlysinga og kunne forklare innholdet. Og viss vi måtte kaste det hadde det ikkje vore krise sidan geværet berre kosta 3-4 euro. Men no fekk vi altså ingen spørsmål sjølv om eg er overbevist om at det ikkje var vanskelig å sjå at det var ein våpenlignande gjenstand.
Og snart 8-åringen presterte til og med å rope i det eg tok sekken av rullebandet etter gjennomlysing: "Gjekk det mamma? Fekk vi geværet med oss?"
Akkurat Sabeltannpistolar syns eg ser ganske forhistoriske ut, så tvilar på at nokon trur at dei er ekte. Sabeltannsverd syns eg også burde få sleppe gjennom. Men maskingeværet vi fekk med oss kan nok mange som ikkje har særlig peiling på våpen tru er ekte. I alle fall heilt til du trykker inn avtrekkeren og det kjem maskingevær-lyd og ein stemme som roper "Fire! Fire!".
Ein kan jo sjølvsagt seie at vi ikkje burde ha tatt det med oss i handbagasjen, men eg såg faktisk på det som ei god anledning til å bli kvitt heile skiten. Eg var motstander av kjøpet i utgangspunktet (Pappaen kjøpte det til 1-åringen!) og tenkte at det ville vere veldig greit om geværet blei konfiskert i sikkerhetskontrollen
