Du treng små eldfaste former. Bitte små altså. Du kan antagelig bruke krus som tåler varme, dei bør romme ca. 3/4 dl. Hugs at desserten skal vere liten - dette er ein mektig dessert
Til 8 personar (og 8 former)
1 3/4 dl fløyte
1/2 vaniljestang, splitta på langs
150 gr. hakka sjokolade (eg brukar heilt mørk)
1 dl heilmelk
2 eggeplommer
60 gr. sukker (eller mindre om du vil)
Piska krem, kakaodryss og bær til pynt om du vil
- Smør formene og set dei i ei djup langpanne. Forvarm omnen til 140 grader. Varm fløyten saman med vaniljestanga til væska er lunken. Ta fløyten av og la han trekke med vaniljen.
- Bland sjokolade og melk i ein liten kjele. Rør over svak varme til sjokoladen har smelta.
- Ha eggeplommene i ein bolle og visp gradvis sukkeret i. Visp til blandina er lett og krema. Skrap frøa ut av vaniljestanga ned i fløyten, og kast stanga. Ha vaniljefløyten og den smelta sjokoladen i dei vispa plommene og rør til det er godt blanda.
- Hell i formene, slik at dei er 3/4 fulle. Ha kokande vatn i langpanna slik at det når halvvegs opp på formene. Bak i ca. 1 time, ta formene ut og la det kjølne. Sausen vil heve seg i omnen, og søkke trist saman når dei kjølnar. Ikkje fortvil - det gir meir plass til krem. Dekk til med plast og sett kald i 6 timar, eller dagen før for den del. Pynt med piska krem og kakaodryss. Det er fint med eit bær oppi også.
Veldig godt til espresso.