Sjølv blei eg sittande å tenke i går, då åtte av mine venner delte kronikken "En NAV-beskuelse" (
Der eg jobba tidlegare hadde vi eit år 11 karakterklager, kor den eine gjekk til lokalavisa og skreiv om det han meinte var forskjellsbehandling. Det var sett standpunktkarakterar til 900 elevar i ulike fag, og det var 11 klager. Det blei ein stor sak rundt dette med ulik behandling på ulike skular, i lys av ein av desse 11 klagarane.
Sjølv kan eg godt vere frustrert over at ting tar tid i helsevesenet. Samtidig er det mykje som ikkje har tatt tid og mange tilfelle kor eg har blitt høyrd, tatt på alvor og fått god oppfølging. Korfor høyrer vi ikkje meir om dette?
Eg veit ikkje heilt kor eg vil med dette, men eg kjende litt behov for å skrive litt frå meg. Av og til blir eg litt oppgitt over all svartmalinga (og eg deltek jo gjerne i hylekoret sjølv, når eg er frustrert over ting som ikkje fungerer). Det er jo så mykje som fungerer fint.