Toffskij skrev:
Nokon har et eller annet ikke-Kindle-lesebrett, vet jeg, kanskje du kan spørre henne?

Eg har Sony Reader PRS-350. Det er over to år gammalt, og fungerer utmerket til engelske bøker i ePub-format. Eg er fornøgd med skjermkvalitet, batteritid, notatfunksjon og tilgang på engelske bøker.
Når det gjeld norske ebøker, har eg ikkje funne ein god ebokhandelløysing som er enkel og brukarvennleg. Men det er fordi dei norske butikkane fungerer veldig dårleg. Så eg les norske ebøker på ARK-appen på iPad, som i mine auge er den einaste litt brukarvennlege ebokløysinga på norsk.
Men eg veit at CappelenDamm har lansert eit lesebrett som er tilpassa Digitalbok.no. Eg har ikkje prøvd det ut sjølv, men her er ein bokbloggar som har prøvd det ut,
http://karinleser.wordpress.com/2013/03/15/lesebrett-digitalbok-touch/ Det er og lenke til ei rekke andre bokbloggar som har fått tilsvarande prøveeksemplar av lesebrettet.