For eit par veker sidan opplevde eg at ein mann på ca 80 år køyrte feil veg i rundkøyringa mitt i rushen. Dvs, han køyrte med klokka i staden for mot. Han fekk heilt panikk, stakkars, og visste ikkje kva han skulle gjere. Han blei ståande midt i rundkøyringa uten å komme seg nokon veg.
Ein anna gang opplevde eg å sjå ein totalt forvirra mann på omtrent samme alder på parkeringsplassen på storsenteret. Han skulle rygge ut frå parkeringsplassen mellom to bilar. I staden for å rygge rett bakover hadde han sving på rattet, så han tok borti bilen som stod parkert på venstre side. Han merka det med ein gang, så han stoppa. Men så, etter to-tre sekund ga han bånn gass og fortsatte rygginga slik at han ripa opp heile sida på bilen som stod der!!! Det var andre vitner til opptrinnet også som gjekk bort og snakka med mannen, så eg gjekk videre. Går ut frå at dei sørga for at han ikkje stakk av uten å gjere opp for seg.
Eg er også litt bekymra for mamma. Ho er berre 66 år, men ein heilt elendig sjåfør. For det første ser ho dårlig. Omtrent blind på det eine auget og temmelig nedsatt syn på det andre. I tillegg er ho fryktelig ukonsentrert og stressa når ho køyrer. Har opplevd fleire gangar at ho ryggar utan å sjå seg for. Og kan bli fryktelig opptatt av ting ho ser, f.eks ein fin hage eller eit fint hus, slik at ho gløymer å følge med på vegen. Og så køyrer ho konsekvent i 60 på andre gir. I 80-sona bruker ho tredje gir, men fjerde og femte giret trur eg rett og slett ho aldri brukar

Eg blir skikkelig nervøs av å sitte på med ho og unngår det så langt det er mulig. Problemet er at ho er uføretrygda og bur aleine, så eg trur ho hadde blitt altfor mykje isolert viss ho ikkje hadde hatt lappen. Bussforbindelsane i bygde-Noreg er ikkje så mykje å skryte av! Og taxi kvar gang ho skal besøke ei veninne blir litt råflott når ein lever på uføretrygd.
Foreløbig har eg ymta frampå om at ho i alle fall ikkje bør køyre på strekningar der ho ikkje er lommekjent, men det trur eg faktisk at ho forstår sjølv også. Ho køyrer mindre og mindre, men det fører jo også til at ho blir ekstra farlig dei få gangane ho køyrer pga manglande trening. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere med dette...