Så bra med tips her altså! Flubby: skal sjekke dei linkane.
Middag er i morgon, så eg skal handle i dag.
Det blir tapanade og posteiar til forrett. Det lett, og eg har det i hus allereie - sjå vedlegg. Nokon som vil våge seg på tips om kva for boksar eg skal velge?? Det blir vel mykje å servere alt dette til fire personar. Kanskje fois gras, og ein av dei andre? Tapanaden har eg smakt i butikk - kjøpt hos Olivers i Bergen. Himmelsk! (kjøpte også pesto der, men den får bli i skapet). Men høyrer tapanade og posteiar saman egentlig?
Rota litt rundt i vinskapet - fann tre franske vinar - men eg er ingen stor vinkjennar. Den kvite skal visstnok vere god til aperitif og fisk. Chateau Magnol passar til rødt kjøtt, vilt og ost - antagelig ikkje heilt riktig for coq au vin? Saint-Emilion står det ingen tekst på. Av sterkare saker har eg kun sherry, contreau og islandsk brennivin

.
Ost blir servert, enten som dessert eller kvilerett (som det heiter i min munn). Fann ei oppskrift på appelsin- og aprikosmarmelade som tilbehør. Ja, eg vurderer å varme opp osten, dersom dette skal vere kvilerett. Mannen min er veldig glad i ostar, med eit unntak; ost som luktar "kål". Eg mistenker Chaumes er det? Men ein kan gjere det samme med Camenbert, kan ein ikkje?