Det eg synest er interessant med denne rapporten, er at det er stor grad av korrelasjon mellom responderer som er negative til innvandrarar generelt og respondentar som er negative til jødar. Eg synest også det er interessant at dei konkluderer med at samanhengen mellom pro-palestinske holdninger og antisemittisme er låg. Dette overrasker meg litt.
Eg trur vi må ha augene meir åpne i dette spørsmålet. Sjølv om det er lett å reagere med avsky på måten staten Israel behandler palestinarane på, seier dette veldig lite om korleis den einskilde jøde er som individ.
Tjorven skrev:
Jeg har ingenting i mot jøder som folkeslag. Jeg har svært mye imot Israels både innen- og utenrikspolitikk, men hvis jeg diskuterer dette beskyldes jeg for å være antisemitist. Er det så innmari vanskelig å se forskjellen?
Eg diskuterte ofte dette med ein tidlegare kollega, som er jøde. Og han meinte at eg var antisemittist, fordi eg hadde pro-palestinske haldningar med tanke på Israel. Eg meiner det er stor forskjell på desse to tinga. Men slike utspel får meg (dessverre) til å ikkje alltid ta oppslag om jødehat heilt på alvor. Eg stusser over at mange jødar er veldig snare til å rope om antisemittisme. Eg har på mange måtar tenkt at jødehatet i Norge i dag er litt sånn "ulv, ulv". Men denne rapporten tyder jo på at det kanskje er meir reelt. Samtidig synest eg det er veldig positivt at denne rapporten nyanserer akkurat dette, samanhengen mellom politiske pro-palestinske haldningar og antisemittisme. Det er eit viktig aspekt dom høyrer med.
Anne C skrev:
Jeg har ingenting i mot jøder som personer.
Men kan noen forklare meg hvorfor det er et eget ord på rasisme mot jøder?
Opprinneleg (i alle fall i religionshistorien) er både jødedommen, kristendommen og islam semittiske religionar. Alle tre religionane har med historia om Noahs Ark, og blir rekna som etterkommarar av Sem, Noah sin son. I tida mellom midten av 1800-talet og fram mot den andre verdskrigen, veks det fram ei sterk nasjonalisme i Europa. Folk blei meir opptatt av rasar, og jødehatet veks fram, fordi jødane i stor grad var ein "framand rase" i mange europeiske nasjonalstater. Og hatet mot jødar, blei kalla antisemittisme.
rine skrev:
Er det et Oslo-fenomen?

Det eg har inntrykk av at er eit problem i Oslo, er at det mange plassar er jødar og muslimar med palestinsk bakgrunn i same klasse. Eg har sett eksempel på klassar med 30% muslimar, kor eit par stykker er palestinarar, og ein jøde. Det har oppstått stygge mobbesituasjonar, fordi muslimar med ikkje-palestinsk bakgrunn har sympatisert med dei palestinske muslimane og dette har gått ut over den eine jøden. Eg har inntrykk av at dette eksempelet eg har sett dessverre ikkje er unikt. (Eg har sett tilsvarande konfliksituasjonar i klassar med tamilske og singalesiske barn).