Eg jobbar i Bergen, men er heldig og bur utanfor kommunegrensene. Her er derfor alt som normalt, og heldigvis for det.
For to år sidan (?) streika dei også, og då jobba mannen min kveld og natt og eg dag (vi budde då altså i Bergen). Det var eit styr utan like, men gjekk da på eit vis. Veit ikkje heilt når mannen min sov da - på jobb kanskje?

Men vi var entusiastiske på barnehagens vegne (og alle mine kollegaer som også var i streik), og ble nokså sure når dei plutselig berre ga seg utan anna resultat enn løfter om feitare oppgjer seinare år. All den jobben og solidariteten for INGENTING??? Derfor håpar eg verkeleg ikkje at dei gir seg - nå får dei gjere det skikkelig, så skal eg alltids brette melkekartongar og skylle plast. Er blitt rimeleg perfeksjonist på kildesortering, og har eit spann som enno ikkje er fullt etter tre veker. På jobb er eg aleine, og savnar mine gode kollegaer (eg er i eit anna forbund, og ikkje tatt ut enda).
Håpar dette går over snart - og med eit godt resultat.