De var jo litt kule, da. En god historie til senere er det uansett.
Harriet Vane
57k innlegg
Då Tosse Trollunge III var framme i området stilde ho opp styrkane sine over vegen frå komfyren til kjøkkenbordet. Bak seg hadde dei den store stova, og framom ein lang kjøkkenbenk som gjekk ned til staden der stigninga til dørstokken byrjar. Staden ligg ved byen Tromsø, som har namn etter slaget. Alteret i klosterkyrkja skal ha stått på staden der Kakemann I til slutt vart overmanna. Det vil bli sett opp eit minnesmerke på staden i form av eit pepparkakehus.
Kakemannstyrkane er rekna å ha vore kring 7–8000 mann. Dette var krigarar til fots, hjarter og stjerner. Kakemenn kunne gjerne ri til eit slag, men steig så av for å kjempa. Hæren var sett saman av medlemer av det kakemannaristokratiet, særleg "kakemannkoner", Tosse trollunge III sine eigne styrkar inkludert livgarden "kakemannhjarter". I tilleg stjerner, utskrivne til teneste. Framme stod kakemennne og Tosse Trollunge III sin garde. Mange av dei må ha vore veteranar som òg hadde kjempa ved forrige joleslag. Dei var væpna med konditorfarge og ved nokre høve pensler. Til å verja seg sjølv bar dei litt ekstra brunfarge. Ved å la kvarandre overlappa laga dei ein verjande mur langs kjøkkenbordet. Etter kvart som dei framme fall for penslane, var det forventa at dei lenger bak rykte fram for å tetta hola i rekkja.
Til trass for at hæren kjempa eit tappert slag, var det ingen overlevande frå kakemannhæren etter slaget.