Og denne friske lammeretten:
(Teksten er kopiert rett fra en oppskriftside jeg har på fb, derfor litt pjatt i tillegg til oppskrift.)
I nyaste Maison mat og vin var det mange fristande oppskrifter, mellom anna denne på quinoasalat med lam og mangochutney-dressing.
Oppskrifta er til fire personar. Hugs at du ikkje treng følge oppskrifta slavisk, putt oppi det du vil og så mykje/lite du vil av alt.
600 g ferdigsteikt lammekjøt (perfekt å bruke restar)
200 g quinoa
1 sitron
2 appelsiner
3 ss god olivenolje
1 mango
3 dl yogurt naturell
1 ss mangochutney
150 g blanda salat
fersk mynte
fersk koriander
Kok quinoa etter anvisning på pakken
Skjer ut filetane av appelsinene. Press safta ut av restane og ta vare på den i ein bolle. Press saft av sitronen saman med appelsinsafta, bland i olje, salt og pepar til dressing.
Del mangoen i skiver.
Bland yogurt og mangochutney.
Anrett salaten, ha over dressing og strø friske urtar på toppen.
Server med mangochutneydressing.
---
Vi hadde ikkje lammerestar og det var vanskeleg å finne anna enn store steiker. Eg kjøpte kotelettar som eg skar ut det reine kjøtet frå. Det la eg 2 timar i sous vide på 58 grader og etter ein kjapp runde i panna med salt og pepar var det perfekt saftig og mørt.
Quinoa smakar ikkje så mykje i seg sjølv. Eg tok litt hakka urtar (mynte og koriandar) og blanda inn saman med litt av sitrondressingen. Det gjorde seg.
Eit anna tips er innkjøp av mynte og koriander. Dersom du har tilgang til "innvandrarbutikk" har dei mykje betre urter enn dei som "vanlege" butikkar har. Meir smak og kjekkare pris.
