Polyanna skrev:
..påstås det her:
http://ideas.time.com/2013/05/13/viewpoint-the-breastfeeding-police-are-wrong-about-formula/
Altså at for barn som går en del ned i vekt i begynnelsen så vil det å bruke litt tillegg de aller første dagene øke oddsen for at barnet fortsatt ammes ved 6 måneder. Veldig motsatt av det vi har hørt før, og det VIRKER veldig lite intuitivt, må jeg si.
Dette trur eg eigentlig ikkje er heilt nytt. Det har skjedd ei gradvis endring av rutiner her i Bergen.
Då eg fødte i første gang i 2004 var KK i Bergen veldig opptatt av at babyen IKKJE skulle få noko anna enn pupp sidan det ville øydelegge for amminga. Eg hadde eit helvete med hylskrikande baby heilt til dag 4 etter fødselen når det endelig kom litt melk. Stakkars jenta var jo skrubbsulten!
Då eg fekk nummer 2 i 2007 fekk eg vite at dei hadde ei nedre og øvre vektgrense. Trur det var snakk om 2700 gram og 4 kg. Dersom barnet var under 2700 gram eller over 4 kg skulle dei ha litt MME. Mitt barn var 2550 gram og fekk derfor MME.
Då eg fødte for tredje gang i 2011 hadde dei moderert seg endå litt til. Då var det plutselig opp til meg å vurdere det sjølv om barnet var innanfor desse vektgrensene. Sidan eg veit at eg ikkje får melk før på dag 4 ba eg om MME og fekk det uten protestar. Eg droppa MME fra og med dag 4. Det gjekk heilt fint med amminga.