Veit ikkje om eg fekk dette video-greien til å funke, men prøver.
Kva med å ha platetopp og komfyr i hjørne? Eg er i utgangspunktet ikkje spesielt glad i det, men trur at i dette kjøkkenet kan du vinne litt på det. Du kan får ventilatoren mot yttervegg (ikkje tegna inn), og du slepp å forholde deg til eit komplisert hjørne der du må ha hjørneskap tross kort avstand til vinduet. Overskapa som eg la inn her ville eg la vere dei overskap du har i dag 😀 Eg elskar slike skap, og ville aldri i verden ha kasta dei ut. Dei passar huset også. Du likar sikkert meir moderne ting - noko eg kjenner igjen med meg sjølv, men for eit fritidshus kunne eg godt ha satt pris på litt nostalgi. Det treng ikkje bli shabby chic av den grunn... Under overskapa er det vask og oppvaskmaskin. Kjøleskapet havna på motsatt side av rommet. Ikkje ideelt, nei. Eit trancherbord som kan rullast kan kanskje vere smart i eit slikt kjøkken?
Slik det er tegna nå har du nesten i overkant masse skapplass til fritidsbruk. Høgskapa kan kanskje droppast rett og slett - da får du meir luft i kjøkkenet. Om eg forstår bilda riktig har du også vindu/dør på veggen der eg har lagt inn høgskap? Det er ikkje på teikna di, men syns eg ser det på bilda.
Når det gjeld sittebenken: tenkte den måtte gå heilt bort til skaprekka under skråtaket. Da må den nederste eller dei nederste skuffene forblendast.
http://s170.photobucket.com/albums/u272/Syrin_bucket/?action=view¤t=BSR-20120901-131213.mp4
Tvilar på at den der videosnutten vil fungere, men prøver nå.