Fekk heilt vondt i magen då eg las denne historia på aftenposten.no i dag:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3571183.ece
Ho har blitt utsatt for gruppevoldtekt i 20 dagar i strekk og er øydelagt både fysisk og psykisk. Så blir ho kasta på hue og ræva ut midt i behandlinga og er no heimlaus i Italia.
Ho oppfyller nok ikkje kriterier for å få asyl sidan ho ikkje er forfulgt i heimlandet, men finns det ikkje noko som heiter opphold på humanitært grunnlag? Ekteskapet med somalieren i Norge blei muligens inngått for å få komme til Norge, men so what? Eg syns det er heilt umenneskelig av Norge å ikkje hjelpe denne kvinna og barnet hennas. Advokaten har også tydeligvis gjort ein skikkelig dårlig jobb. For han er vel denne saka berre ei mappe i bunken på pulten 🙁
Denne saka er nok heller ikkje spesielt unik. Høyrte om ei nesten tilsvarande sak om ei kvinne frå Serbia med ein sønn i forrige veke. Den saka har ikkje vore i media.
Vi kan selvfølgelig ikkje ta i mot alle i Norge, men det må vel vere mulig å bruke litt skjønn? Av og til lurer eg veldig på kva slags kriterer som blir brukt når ein skal vurdere kven som skal få bli og kven som må reise.
Simone
2,9k innlegg