Lyppa skrev:Hva gjør man for å holde seg best mulig bra i magen:)?
På apoteket har dei eigne melkesyrebakterie-produkt for reise. Pass på at du byrjar eit par dagar før du reiser. Ei pakke Immodium er greit å ta med sånn i tilfelle, men bør berre brukast i nødfall, feks. på heimreise. Har du først blitt dårleg er diaré og/eller oppkast kroppen sin måte å bli kvitt virus/bakteriar/parasittar og det er ikkje lurt å forhindre dette. Men å reise heim med diaré er heller ikkje å anbefale. Mamma vart matforgifta siste dagen, og den heimreisen var eit mareritt.