Eg måtte undersøke klesskapet mitt, då eg las denne artikkelen tidlegare i dag og eg har 188 plagg i skapet. I og med at eg har dobbel garderobe, på grunn av stor vektauking på kort tid, har eg nok dermed opp mot 300 plagg totalt. Men eg synest det høyrest veldig mykje ut, som eit gjennomsnitt.
Sjølv tenker eg at eg er lite opptatt av mote og trender og har ein stil eg har hatt lenge, så eg kjøper ikkje så mykje nytt så veldig ofte. Eg kjøper og brukt. Det eg ser eg har for mykje av, er cardigans og skjerf.
Grovt rekna (minus det som er i skittentøy/vask) ser garderoben som er i bruk nå omtrent slik ut:
3 jeans
5 tights
8 strømpebukser
4 skjørt
6 kvardagskjolar
2 festkjolar
9 blusar/ toppar/ skjorter/ gensere som kan brukast aleine eller "ytterst"
14 singletar av den enkle typen som eg har under andre plagg
16 cardigans/ jakker (fire av desse er heimestrikka)
38

skjerf og sjal (svært stor andel av desse er og heimestrikka)
8 Yttertøy (3 varme jakkar, ei lett jakke, ei dongerijakke, ei regnjakke og to utebukser)
2 treningsbukser/tights
4 treningstopper i treningstøy-materiale
2 badetøy
18 truser
16 par ankelsokker
10 par høge sokkar
8 par tynne ullsokkar
2 par tjukke ullsokker
6 luer
7 par votter